Startsiden
Hva er Magnetfeltterapi?
Hvordan virker Magnetterapi?
Magnetismens historie
Magnetterapi i Norge
Jordstråling og forebygging
Medisinske innspill
Produkter og veilledning
Prisliste produkter
ElectroDOTs
 
Fyllingen
Magnetterapi & Strålevern

Postadr:
Storhammeren 28
5145 Fyllingsdalen

Telf: 55 16 80 04
Mobil: 995 33 884
E-post:
fyllingen@magnetfeltterapi.com

  
Hei !

Eg fekk lyst til å gje ei tilbakemelding etter å ha fått huset skjerma mot jordstråling denne hausten. Eg har nett skrive ut ein del av det som står på nettet om emnet.

Lista over sjukdommar og problem var spesielt interessant. Eg kunne kryssa av for m.a. : allergi, astma, blodsirkulasjon, gallestein, halsbrann, hoftesmerter, nakkestivheit, smerter (diffuse og uforståelege smerter i kroppen), og delvis for sømnløyse.
Det mest påfallande er at hoftesmertene er borte. Eg var så stiv at eg hadde vondt for å komma meg ut av bilen etter forholdsvis korte køyreturar. Nakken er og mykje betre. Eg hadde slik halsbrann at eg ikkje kunne sova før eg hadde teke medisinar for det. No har eg ikkje gjort det på fleire netter. Eg veit at eg har gallestein, og steinane har plaga ille frå tid til tid. No merkar eg stadig mindre. Eg hadde og problem med å få sova på grunn av piping i luftvegane, som alltid kom når eg låg i senga. No er dette så godt som borte. Føtene var gjerne iskalde, no kjennest dei varmare. Sømnløysa har vore det største problemet, og dei største endringane her er at eg søv godt når eg søv.

Eg vaknar ikkje lenger som eit vrak. Eg hadde og har til tider enno problem med blæra, inkontinens og hyppig vannlating som det heiter. Det er på veg til å verta betre.
Enno har eg problem med å sovna inn, mykje på grunn av bekymringar, og eit plagsamt nabolag. Mykje skuldast trafikkstøy ved leggetid.

Alt vert ikkje betre med eit slag. Etter å ha lese nettsidene forstår eg at det tek tid for kroppen å komme tilbake til eit naturleg nivå, og at dette heng saman med kor lang tid ein har levd med desse problema.

Då eg flytta inn i huset var det ingen problem å få sova. Problema begynte etter det vart sett igong knuseverk i nabolaget. Det medførte masse boring og skyting og store endringar i naturforholda på staden.

Eit heilt landskap forsvann, med knausar, skog og enger. Første periode var på 80-talet, den neste kom i 90-åra, og var den mest drastiske. Sidan kom to anleggsperiodar til, ein for bygging av veg, og til slutt bygging av busslynge. Alle var i nærleiken av huset, og ved kvar skyting var det voldsomme skakingar i grunnen under huset mitt.

Eg protesterte det eg kunne mot konsekvensane av inngrepa, men kom ingen veg med grunneigar og kommune, som hadde det eigentlege ansvaret.

Eg visste ikkje då at ein av konsekvensane var endring i grunnforholda som kunne føre til negativ stråling. No lurer eg på om vannmagnetiserar er noko eg burde ha, i og med at vassleidningen min er kryssa av ei nedgraven høgspentline. Om det ikkje gjer nokon forskjell, har eg ikkje økonomi til å utbetre meir. Men eg har tenkt på at det kunne kanskje ha positiv effekt om eg fekk benketerapi.

Eg misunner dei som har råd til å skaffe seg ein slik benk. Det er ikkje til å tenkje på for meg, men ein eller to behandlingar hos Dykk kunne hatt effekt for meg. Det ville om mogeleg fått meg raskare ned på normalnivået ?

Det ser ut til at demparen på leidningsnetter har fått ein viss effekt inne i huset. Tidlegare tålte eg ikkje den nyaste av dei elektriske panelovnane mine. Eg måtte slå den av med jamne mellomrom, fordi eg fekk spenningar i kroppen og hadde ei kjensle av ikkje å få puste.

Eg trur at el-allergi er ein del av problema eg har hatt og har. Eg tålte ikkje å ha ein klokkeradio ved senga. Allergisymptom dukka opp i så stor grad at det vart umogeleg. Vil avskjerming mot jordstråling hjelpe mot el-allergi ? Stråler nokre el-ovnar meir enn andre ? Kva med sparepærer ? Noko av det utstyret eg har vart ikkje testa i påslått tilstand. Eg kom ikkje på det.
Har du svar på noko av det eg spør om ?

Eg er så glad for å ha fått hjelp at eg kan ikkje få sagt det. Det har vore vondt å slite med dette åleine, og folk flest (?)kjenner enten ikkje til problemet eller er så skeptiske at dei avfeiar alt som overtru.

Helsing Paula